Opna dokument

Opna eit eksisterande dokument

Gjer éin av desse:

Merk fila du vil opna og trykk på Opna.

Avgrens kva filer som skal visast

For å avgrensa kva filer som skal visast i dialogvindauget Opna til ein bestemt type, vel filtype i lista Filtype. For å visa alle filene, vel Alle filer.

Markørplassering

Som regel vert alle dokument opna med markøren plassert i byrjinga av dokumentet.

Eitt unntak er når forfattaren av eit Writer-tekstdokument lagrar og opnar dokumentet igjen. Markøren vil då vera der han var då dokumentet vart lagra. Dette gjeld berre når namnet på forfattaren er skrive inn i → LibreOffice → Brukardata.

Trykk Shift + F5 for å setja markøren til den siste lagra posisjonen.

Opna eit tomt dokument

Trykk på knappen Ny på standardverktøylinja eller vel Fil → Ny(tt). Dette opnar eit dokument av den gjevne dokumenttypen.

Viss du trykkjer på pila ved sida av knappen Ny, kjem det opp ein undermeny der du kan velja ein annan dokumenttype.